Kjøpsvilkår

Det er Firda Tidend ved selskapet Avisdrift Gloppen AS, No 985 255 660 MVA, Postboks 38, 6821 Sandane, som er juridisk seljar av abonnementsproduktet du no kjøper. Firda Tidend er samarbeidsavis i Polaris Media Sør.

Avisdrift Gloppen AS er ansvarleg for dei kredittkorttransaksjonar som blir gjorde gjennom denne nettsida. Alle abonnementskjøp av Firda Tidend medfører at du som kunde må betale på forskot.
Du vil difor ikkje ha tilgang til abonnementet før du har betalt. Du har sjølvsagt høve til å angre på kjøpet. Etter angrefristlova kan abonnenten gå frå avtalen utan å oppgje grunn innan 14 dagar etter første leveranse.

Du kan ikkje kansellere eit abonnementskjøp i nettbutikken etter at du har betalt. I slike tilfelle må du ta kontakt med vår abonnementsavdeling. Dersom du ønskjer å avslutte eller kansellere eit igangsett abonnement, må du gjere det ved å ta kontakt med Firda Tidend via e-post til abo@firdatidend.no eller ved å ta kontakt med abonnementsavdelinga vår på tlf.nr. 57 86 87 81.

Alle kundedata blir lagra i Firda Tidend sin abonnementsdatabase med gode tryggleiksrutinar, der krav til personvern blir ivaretatt etter norsk lov. Kundedata blir ikkje seld til eller delt med andre. Den juridiske eigaren av abonnementet er den personen som har teikna det.

Brukar-ID og passord til Firda Tidend sine digitale produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse. Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på annan måte misbrukar Firda Tidend sine tenester, har avisa høve til straks å stenge abonnenten sin tilgang til desse tenestene.
Abonnenten vil då miste tilgangsretten til dei produkta og tenestene ein eventuelt har kjøpt tidligare.

Logging

Ved innlogging på dei digitale produkta Firda Tidend leverer blir det lagra informasjon om kven som loggar inn og kvar ein loggar inn frå. Firda Tidend nyttar informasjonen for å avdekke eventuelle misbruk av abonnement. Desse dataene blir lagra av Firda Tidend i ei avgrensa tid.

Abonnementsvilkår

Det er Firda Tidend ved selskapet Avisdrift Gloppen AS, No 985 255 660 MVA, Postboks 38, 6821 Sandane, som er juridisk seljar av abonnementsproduktet du no kjøper.
Avisdrift Gloppen AS er ansvarleg for dei kredittkorttransaksjonar som blir gjorde gjennom denne nettsida.
Som abonnent på Firda Tidend har du tilgang til alt innhald i e-avisa og nettavisa www.firdatidend.no. Papiravisa vert levert to dagar i veka.
E-avisa er 100 prosent identisk med papiravisa. Nettavisa på www.firdatidend.no vert hyppig oppdatert; fleire gonger om dagen.
Aldersgrensa for å bestille abonnement er 18 år.

Betaling av abonnement

Abonnementet på Firda Tidend er løpande. Avisleveringa blir forskotsbetalt og gjeld fram til vi mottek oppseiing.
Ved oppseiing vil abonnementet gjelde ut perioden det er betalt for, men blir ikkje fornya. Eventuelt beløp ein har til gode blir ikkje betalt tilbake.
Manglande betaling blir ikkje rekna som oppseiing. Firda Tidend tek atterhald om når som helst å kunne endre prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane blir kunngjorde i avisa seinast 14 dagar før iverksetjing. Ved prisendring vil den nye prisen bli gjort gjeldande frå tidspunktet for neste betalingsperiode.
Alle prisar er inkludert meirverdiavgift og gjeld levering i Noreg. Utanfor Noreg gjeld særskilte vilkår for levering av papiravis.

Abonnementsprisar 2020:

Komplettabonnement

Heilår kr 2190,-
Halvår kr 1190,-
Kvartal kr 649,-
Månad kr 349,-*

Digitale abonnement

Heilår kr 1790,-
Halvår kr 990,-
Kvartal kr 549,-
Månad kr 199,-*
*m/fast trekk (Betalingskort eller AvtaleGiro)

Abonnement som ikkje blir betalte innan fristen får tilsendt purring. Purringar blir belasta med purreomkostningar på kroner 50,-. Vi sender ut innbetalingsblankettar i god tid før forfall.

Bankgiro: 3710.15.63996.
Ved bestilling på nett vert det sendt ut ordrestadfesting på e-post.

Kortbetaling (PayEx)
På Firda Tidend sine nettsider kan du bruke betalingskort (Visa/ MasterCard).

AvtaleGiro
Med AvtaleGiro lèt du banken din ordne betalinga for deg på forfallsdato. Då slepp du bryderiet med å ordne dette sjølv, samtidig som du har like god oversikt over betalinga og kontoen din som før. AvtaleGiro er òg ein av dei rimelegaste måtane å betale rekningar på.
Ta kontakt med banken din for nærare informasjon.

eFaktura
Med eFaktura får du rekningane rett i nettbanken, ferdig utfylte med KID, kontonummer og alt!
Korleis kan elles administrere abonnementet ditt?
På Firda Tidend si nettside kan du logge deg inn på sida for automatiske servicetenester.

Her kan du:

  • omadressere avisa
  • be oss om å ta vare på avisa dersom du er bortreist
  • gje bort avisa
    For å kunne bruke denne tenesta, må du logge deg inn med brukarnamn og passord. Brukarnamn er e-postadressa di. Passord får du hjå oss ved å sende e-post til abo@firdatidend.no. Du kan òg ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf. 57 86 87 81.

Levering

Levering av papiravisa
Papirutgåva av Firda Tidend blir levert i postkassa/postboksen din to gongar i veka av Posten Norge. Postkassa må vere godt synleg og merka med abonnenten sitt namn. Som abonnent har du ansvar for at tilgangen er så god som mogleg. Posten Norge sine leveringsvilkår gjeld. Abonnentar vil kunne oppleve å få avisa forseinka. Det er Posten sine fristar, transport- og distribusjonrutiner som vanlegvis er årsak til dette. Ved omadressering vil dette og kunne skje.
Abonnentar pliktar å melde frå til Firda Tidend snarast mogleg ved manglande levering eller andre uregelmessigheiter. Dette gjeld og ved opphald i leveringa på grunn av ferie eller liknande, slik at ein unngår at avisene fyller opp postkassa unødig når ein er fråverande.
Flytting av avisa til ferieadresse
Du kan omadressere avisa til ferieadressa di. Det er viktig å vere merksam på at dette skjer på eige ansvar for deg som abonnent. Firda Tidend kan ikkje garantere for framsendinga. Difor er det viktig å melde frå dersom avisa uteblir. Dersom abonnenten omadresserer avisa i ferieperioden, kan det kome til ekstra kostnader med utsendinga. Eventuell tilleggskostnad blir lagt til første fakturering etter at kunden har returnert til heimeadressa.

Uteblitt avis

Om avisa uteblir pga. streik, lockout eller andre leveringsproblem, er Firda Tidend sitt erstatningsansvar avgrensa til det abonnenten har betalt for tilsvarande tidsrom.
Ved uteblitt eller vesentleg forseinka avis, vil Firda Tidend uansett årsak ettersende avisa. Korte stopp gjev ikkje frådrag i abonnementsprisen.
Har abonnent tilgang til e-avis, blir uteblitt papiravis ikkje erstatta ved eventuelle leveringsproblem.
Dersom avisa uteblir eller er vesentleg forseinka av andre årsaker enn leveringshindringar som ligg utanfor Firda Tidend sin kontroll og abonnenten har kjøpt dagens avis hjå laussalsforhandlar, kan abonnenten krevje at prisforskjellen mellom laussalspris og abonnementspris blir refundert.

Rettar

Som abonnent av Firda Tidend har du tilgang til alt materiale, her under tekstar, artiklar, nyhende, fotografi og video, grafikk og anna som er publisert av Firda Tidend. Du kan laste ned og/eller skrive ut ein enkel kopi av materialet berre til ditt eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje tillatte.
Den juridiske eigaren av abonnementet er den personen som har teikna det. Brukar-ID og passord til Firda Tidend sine digitale produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse.
Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på annan måte misbruker Firda Tidend sine tenester, har avisa høve til straks å stenge abonnenten sin tilgang til desse tenestene. Abonnenten vil då miste tilgangsretten til dei produkt og tenester ein eventuelt har kjøpt tidligare.

Informasjonskapslar

Her kan du lese om vår cookiepolicy.

Behandling av personopplysningar

Ved å akseptere desse brukarvilkåra, samtykkjer du i at Polaris Media Sør og partnaravisene kan behandle personopplysingane dine i tråd med følgjande retningslinjer og personvernpolicyen vår.

Kva informasjon samlar vi inn?

Polaris Media Sør og partnaravisene lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-post-adresse, gateadresse og telefonnummer – og opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg vert det lagra informasjon om bruken av tenestene, også kva tenester du bestiller, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om eininga di og internett-tilkoplinga.
Vi kan velje å samanstille trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer vi for å tilpasse innhaldet til brukarmønsteret ditt og for å gje deg ei best mogeleg brukaroppleving.

Kva brukar vi opplysingane dine til?

Opplysingane vert brukte av Polaris Media Sør og partnaravisene for å gjennomføre avtalen med deg og til å førebu og vidareutvikle tenestene. Vi behandlar også personopplysingar for å få større kunnskap om brukarane våre, slik at vi kan levere tenester, tilrådingar, innhald, annonsar og marknadsføring som er tilpassa deg. I tillegg vil opplysingane kunne verte brukte til analyse for å forstå marknadstrendane og for å avgrense misbruk av tenestene.
Personopplysningane dine vert ikkje vidareselde og vert ikkje brukte til andre føremål, utan eige samtykke til dette frå deg.

Deling av informasjonen din

Polaris Media Sør og partnaravisene kan dele opplysingar om din bruk av tenestene med andre selskap eigde av oss og dei avisene vi har ein gjensidig partnarskap med. Føremålet er tilsvarande det vi har skildra i desse avtalevilkåra. Opplysingane kan utleverast til tredjepart i den grad det er naudsynt for at vi skal kunne gjennomføre avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.
Korleis kan du administrere eller slette informasjon om deg sjølv?
Vi lagrar ikkje personopplysingar lenger enn det som er naudsynt for å oppfylle føremålet med behandlinga. Du kan når som helst krevje innsyn i opplysingane og endre opplysingar på Miside. Du kan også krevje at dei vert sletta, med mindre opplysingane er naudsynte for å gjennomføre avtaleforholdet mellom deg og mediehuset der du er abonnent, eller dei er lovpålagde.
Ved å godkjenna desse vilkåra, samtykkjer du også til
personvernerklæringa vår.

Samtykke til marknadsføring

Når du er registrert som brukar hjå Polaris Media Sør eller ei av partnaravisene, og når du brukar abonnementstenestene våre, ser vi på deg som ein kunde med eit aktivt kundeforhold. I eit aktivt kundeforhold vil vi kunne ringje deg, sende deg e-post, SMS og informasjon i appen vår og på nettsida vår, i tillegg til tilbod og annan relevant informasjon basert på opplysingar vi har om deg som kunde. Informasjonen vil vere relevant i forhold til produkta og tenestene våre, og berre vere på eigne vegner.
Marknadsføringa kan innehalde tilbod og informasjon om produkta våre, som til dømes abonnement, nyhendebrev eller tips om korleis ein kan få mest mogleg ut av kundeforholdet.
Dersom du ikkje har eit aktivt kundeforhold til Polaris Media Sør eller ei av partnaravisene, vil du berre motta elektronisk marknadsføring dersom du har gjeve særskilt samtykke til det.
Dersom du ikkje ønskjer å motta slik marknadsføring kan du reservere deg ved å klikke på linken for å melde deg av denne tenesta.
Dersom du har spørsmål til avtalen, er du velkomen til å kontakte oss: Telefon 57 86 87 81 og e-post: abo@firdatidend.no.

Endring av vilkår

Abonnementsvilkåra kan bli endra, og dei til ein kvar tid gjeldande vilkåra er oppdaterte på www.firdatidend.no.
Sandane 01.04.2020